Mat og servering

Insekter i maten!

Burger King Voss★★★★★
Adresse eller sted
Thon Senter

Dessverre vart besøket mitt på Burger King på Voss ein ganske ekkel opplevelse.

Eg bestilte meg ein milkshake og hadde allereie byrja å drikka av han då eg oppdaga noko rart i koppen. Då eg såg nærare på det, såg det ut som restar av eit insekt. Då var det sjølvsagt slutt på både milkshaken og matlysta.

Å finna noko slikt i ein drikke er rett og slett svært uappetittleg, og det får ein til å lura på korleis det står til med reinhald og handtering av mat og drikke. Ein skal kunna kjøpa seg ein milkshake utan å måtte sitja og undersøka innhaldet for insekt eller andre framande ting.

Burger King er ei stor internasjonal kjede, og då forventar eg at grunnleggjande hygiene vert teken på alvor, også på Voss. Korleis dette har skjedd veit eg ikkje, men det er uansett noko som ikkje skal skje.

Heile opplevelsen vart øydelagd for meg, og eg sat att med eit svært dårleg inntrykk. Eg hadde i alle fall ikkje rekna med at eg skulle måtte sjekka milkshaken for insektrestar.

Etter denne opplevelsen skal det mykje til før eg handlar mat eller drikke her igjen.

A
Anonym brukerBekreftet e-postadresse

Publiseringsdato vises ikke. Anmeldelsen beskriver innsenderens erfaring på tidspunktet varen eller tjenesten ble brukt.